Frode Grytten Beat Band: Ekstrakonsert

Arrangementsinformasjon
Default file 1484052152

På grunn av rekordstor pågang etter nyttårskonserten med Frode Grytten Beat Band arrangerer vi ekstrakonsert 5. mars! Velkommen! 

Konserten er ei lyrisk musikalsk hylling til klassikarar frå mellom andre Tom Waits, The Waterboys, David Bowie, The Pogues, Bruce Springsteen i nye overraskande versjonar. Frode Grytten Beat Band kom til verda 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten eigentlig halde foredrag om beatpoesi og jazz. Men, ahhh, komigjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tellit. – Det endte med at vi leverte ut to A4-ark før vi spelte ein times konsert. Applaus. Suksess. Sidan har de heldt frem som meir enn eit illustrert foredrag. Først nytta dei dikt av beatpoetana Ginsberg,O’Hara, Corso, Kerouac. Etterkvart har dei tatt til å bruke eignetekstar og plukka opp songar dei har eit tett tilhøve til: VelvetUnderground, Talking Heads, Morphine, Peter Gabriel, The Clash, Bruce Springsteen.


Frode Grytten Beat Band: Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)Annlaug Børsheim (song, fele, gitar)Ivar Thormodsæter (trommer)Einar Sogstad (piano)Michael Barnes (saksofonar)Anders Bitustøyl (bass)Frode Grytten (røyst)